Arbeidsgruppemøte AP5

Arbeidsgruppa har månadlege digitale møter. I arbeidsgruppa sit representantar frå spydspisskommunane: Alver, Austevoll, Luster, Voss, Fjaler, Sunnfjord, Stryn og Ullensvang.

Tema i møta er: 

  • Gjennomgang status og behov i spydspisskommunane, og arbeidsgruppa kjem med innspel for korleis arbeide vidare med dette 

  • Aktuelle tema vert informert om og diskutert 

  • Erfaringar vert delt 

  • Aktivitetar vert planlagde. Møte- og aktivitetsplan vert gjennomgått og oppdatert i møta. Denne ligg på heimesida.  

Arbeidsgruppemøte 25.01.22 

  • Informasjon om Nasjonalt velferdsteknologiprogram (NVP) si satsing på «Velferdsteknologi til barn, unge og voksne med medfødte eller tidlig ervervede funksjonsnedsettelser» og at det vert lyst ut tilskot og prosessveiledning som E-helse Vestland skal søkje om 

  • Presentasjon av «Gevinstrealiseringsrapport. En kunnskapsoppsummering fra Nasjonalt Velferdsteknologiprogram. Oktober 2021» 

  • Gruppa diskuterte kva kortnamn vi kan gje satsinga til E-helse Vestland. Førebels held vi på det fulle namnet for å få fram kven som er i målgruppa  

  • Planlegging av workshop i Bergen 15. Mars 

  • Status aktivitet og behov i kommunane 

Arbeidsgruppemøte 22.02.22 

  • Presentasjon av Arbeidsgruppeoppdrag er godkjent av prosjektleiinga og vart presentert på februarmøtet 

  • Frå februarmøtet har arbeidsgruppa fått med nye representantar frå Fagforbundet i Vestland, Yrkesseksjon kyrkje, kultur og oppvekst. Samt at Austevoll sin nytilsette rådgjevar velferdsteknologi er med som prosjektansvarleg frå Austevoll. Elles er deltakarane frå 2021 med vidare. 

  • Informasjon frå prosjektleiarsamling 1. februar i Nasjonalt velferdsteknologiprogram der det vart lagt fram informasjon om kvartalsvise statusrapporteringar frå spydspisskommunar og overordna prosjekt i E-helse Vestland. I 2022 skal spydspisskommunane jobbe med 3 milepæler: 1) gevinstrealisering, 2) Tverrfaglege tensteforløp og 3) Helhetlig tjenestemodell 

  • Status aktivitet og behov i kommunane 

  • Viktig oppfylgjing: be om møte med IKT for å sjå på løysingar ved bruk i kommunale system (wifi, brannmur o.l.) når det gjeld velferdsteknologi frå NAV Hjelpemiddelsentral 

Arbeidsgruppemøte 29.03.22 

  • Informasjon om milepælane i NVP om tre milepælar kommunane skal jobbe med i år: gevinstrealisering, tverrfaglege tenesteforløp og helhetlig tjenesteforløp. Tydeleggjering frå NVP om at det er spreiing av tryggleik- og mestringsteknologi til denne målgruppa, samt å ta i bruk velferdsteknologi frå leverandørmarknaden som skal vere fokusområde i satsinga til målgruppa.  

  • Informasjon om kunnskapsoppsummering frå Kunnskapskommunen knytt til teknologisk støtte i kvardagen for personar med utviklingshemming. 

  • Informasjon om ny runde velferdsteknologiens ABC.  

  • Gjennomgang av statusrapport frå kommunane for dei tre føregåande månadane. 

  • Leverandørpresentasjon: 4 leverandørar fekk presentert sine produkt. 

  • Status aktivitet og behov i kommunane 

Arbeidsgruppemøte 26.04.22 

  • Innspelsrunde på tema som er aktuelle å diskutere evt. melde vidare til NVP 

  • Informasjon frå samling i NVP 05.04 

  • Samtale rundt førre møtes leverandørpresentasjon. 

  • Samtale omkring førre møtes kunnskapsoppsummering. 

  • Informasjon om tiltak etter møte mellom IKT, hjelpemiddelsentralen og eit utval kommunar om barrierer i kommunale nettverk ved bruk av velferdsteknologi frå hjelpemiddelsentralen 

  • Status og behov i kommunane 

Arbeidsgruppemøte 31.05.22 

  • Informasjon- og erfaringsutveksling med Habiliteringsavdelinga for vaksne i Helse Bergen 

  • Innspelsrunde til samling i NVP i juni 

  • Status aktivitet og behov i kommunane 

Arbeidsgruppemøte 30.08.22 

  • Status aktivitet hos dei ulike deltakarane i arbeidsgruppa 

  • Runde på behov i kommunane 

  • Informasjon frå samling i NVP i juni og møte i august 

  • Informasjon om velferdsteknologikoordinatorstillingane som er oppretta frå i år, og regional organisering på e-helse området 

  • Planlegging workshop for arbeidsgruppa i Bergen 20.09 

  • Planlagt arbeid med tildelte kompetansemidlar velferdsteknologi i tenester til personar med utviklingshemming. 

  • Informasjon om Hjelpemiddelmesse i Bergen 06.09 

Arbeidsgruppemøte 18.10.22 

  • Informasjon om arbeidet som foregår i Nasjonalt velferdsteknologiprogram og aktivitet framover 

  • Informasjon om aktuelle arrangement: Digital inspirasjonsdag 1. desember, MTEK Bergen 24.-25.11, Digital samling for alle som møter barn, unge og foreldre i sitt arbeid (Statsforvaltaren) 07.12 

  • Informasjon om aktuelle veiledarar 

  • Informasjon om velferdsteknologi til barn og unge i regi av Høgskolen på Vestlandet 

  • Informasjon om CRPD-nettverket i Vestland i regi av USHT-ene i Vestland 

  • Informasjon om komptetansetiltak knytt til velferdsteknologi i tenester til personar med utviklingshemming 

  • Tilbakemelding frå kommunane om behov 

  • Avklaring av tidspunkt for workshop for arbeidsgruppa 

Arbeidsgruppemøte 29.11.22 

  • Informasjon om arbeidet som foregår i Nasjonalt velferdsteknologiprogram og aktivitet framover 

  • Runde på behov i kommunane 

  • Informasjon om søknadar tilskot for 2023 

  • Informasjon og innspelsrunde kompetansetiltak 

  • Vidare arbeid i arbeidsgruppa i 2023 

Artikkelliste